top of page
Design uten navn.png

BYGLAND NÆRINGSLAG

-Vi bør vere ambassadørar for dei som vil noko i Bygland

  • Oct 2
  • 2 min read

Updated: Oct 13

ree

Han vil mykje, styremedlem i Bygland Næringslag, Kjell Rune Heia. Sjefen i Containertech har stor tru på nye idear og vekst for næringslivet i kommunen og regionen. Han er klokkeklar på ein ting; det er gjennom samarbeid og samhandling at ein får til utvikling og framdrift.


Heia er ikkje berre oppteken av at bedriftene skal vekse. Han jobbar også for at det skal vere spennande å flytte til, å bu, jobbe og leve i Bygland. Då passar det bra at Containertech er blitt godkjent lærebedrift, og stadig har behov for fleire folk.


ree

 

Kjell Rune er ofte med der det skjer, så også i næringslaget.

 

-Eg ønsker å vere med på å utvikle kommunen og aktiviteten som skjer her, og eg trur eg kan bidra med min del av kunnskap og erfaring. Vi har nokre fortrinn her; det er mykje flott natur her og Byglandsfjorden gjer oss unike her i regionen. Dessutan er vi næraste nabo til Evje, motoren i Setesdal. Det bør gjere det mogleg å utvikle både næringslivet og Bygland som plass å bu, seier han.

 

Med fleire tiår bak seg som bedriftseigar har Kjell Rune vore ein viktig del av Bygland sitt næringsliv. Med mottoet «Life begins at the end of your comfort zone», så ser han ingen grunn til å bremse ned – tvert imot. Han ser lyst på framtida og har trua på fleire folk, nye marknader og produkt og god vekst i regionen.

 

-Eg vil jobbe for at vi viser i praksis at det er fullt mogleg å etablere og drive næring i distrikta. Det er viktig at vi som driv næring er ambassadørar, i hermeteikn, for dei som har lyst å etablere noko her, konkluderer Kjell Rune.


FAKTA OM CONTAINERTECH AS

  • Tilbyr skreddarsydde containerløysingar for Norden og Europa, retta mot tunnel, anlegg, industri, forsvar med meir

  • I Bygland leverer Containertech hovudsakleg løysingar for vassrensing

  • Ein av dei største bedriftene i Bygland, med avdelingskontor i Askim

  • Over 40 årsverk – meir enn 20 av desse er i Bygland

ree



 
 
 

Comments


Commenting on this post isn't available anymore. Contact the site owner for more info.
bottom of page