Støttet av Agenda Sørlandet – en gavestiftelse fra Sparebanken Norge
Setesdal Næringsforening er ein interesseorganisasjon for privateigde foretak i Bygland, med over 40 medlemsbedrifter.
Vi arbeider for å styrke lokale bedrifter og foretak, og skape vekst og utvikling gjennom nettverksbygging, kompetanseheving og samarbeidsprosjekt. Vi arbeider for meir kunnskap om næringslivet i Bygland, og arrangerer medlemsmøter, seminar og konferansar om aktuelle tema for næringslivet.
Vi samarbeider med kommunene og utviklingsprosjektet Bygg Bygland, for å medverke til godt styresett, næringsvenleg utvikling, marknadsføring og vekst.
Setesdal Næringsforening samarbeider med andre næringsforeiningar i distriktet, er medlem av Næringsalliansen i Agder med 3000 medlemsbedrifter og 100 000 tilsette. Vi tek aktivt del i høyringsfråsegn og jobbar opp mot offentleg forvaltning om betre rammevilkår.
Dersom du vil vite meir om oss og korleis vi arbeidar, kan du lese vedtektene og årsmøteprotokollen vår.
_edited.jpg)
Styret

Rune Steen Moen
Styreleiar
"Målet er å bidra til fleire etableringar og arbeidsplassar i bygda og regionen, å vere ein synleg og aktiv samarbeidspartnar for kommunen og regionen, og å løfte fram lokale initiativ som kan skape utvikling. Eg ønskjer at vi saman kan bygge stoltheit og vekst i bygda vår."
.jpg)
Beate Simonstad
Vara Styreleiar
"Bygland og Setesdal har vakker natur, sterke lokalsamfunn og lokale ressursar som gjev store moglegheiter innan reiseliv, lokal produksjon og småskala næring, samtidig som tradisjon kan kombinerast med innovasjon og ny teknologi."

Torbjørn Frøysnes
Styremedlem
"Vi kan få til samarbeid og utvikling av aktivitetar og virksomhet som byggjer på Bygland si eigen historie, som samarbeidet med Kulturhistorisk Museum, distriktet sine fortrinn med foredling i landbruk og skogbruk, naturopplevingar og særlege kompetanse og tradisjon innanfor forsvar, som Sikkerhetsforum Sør på Evjemoen."

Kjell Rune Heia
Styremedlem
"Vi har ein fjord i Bygland som bør gjere oss unike, og vi er næraste naboen til motoren i Setesdal, Evje. Det bør gje moglegheiter både for næring og bustadsutvikling. Det er viktig å vise at det er mogleg å etablere seg og drive næring i distrikta."
.jpg)
Per Arne Teslo
Styremedlem
"Det er viktig å ha breidde i typen næringar- Bygland og Setesdalen har mykje naturressurser og råvarer som det er potensiale å videreforedle lokalt i dalen i staden for å eksportere råvarer. I tillegg har dalen mykje natur som kan nyttas i form av reiseliv og opplevingar både nasjonalt og internasjonalt."

Olav Skeie
Styremedlem
"Eg vil vere med på å tilrettelegge slik at det blir atteraktivt for dei unge å flytte hit, gjerne etter nokre år med skule og erfaring ute i den store verda. Vi i næringslaget bør jobbe med auka synlegheit og profilering av kommunen. Statistikk frå Statens Vegvesen fortel oss at omlag 693.000 køyretøy passerer Bygland årleg. Kor mange av desse stoppar?"
Setesdalsvasken
People
Rsm Forvaltning AS
Stoga AS
Byglandsfjord Sag AS
Olav Skeie AS
Froynesconsult.no Torbjørn Frøysnes
Einerholtet Holding AS
Agder Security AS
Skreland Olav
Bygland Varmesentral AS
Hege Kristine Jore Gåkkestad
Eikerapen & Co
Aslaug Simonstad Sitje
Sveinung Skjevrak
Tine SA
Coop Sørvest SA
Kallhovd Sveis AS
Ose Water AS
Evje Landbruksregnskap AS
Bygland Bryggeri AS
Destination Setesdal AS
KVS-Bygland AS
Setesdal Ullgris Terese Gautestad
Containertech AS
Homme Bolstad
Revsnes Hotell AS
Fyri Fish AS
Snakk Om Flaks AS
Note Norwegian Teaching AS
Aakhus Øivind
CPM AS
Movi Musikk Atelier Mona Ida Håvorstad Frøysnes
Seymar AS
