top of page
Design uten navn.png

BYGLAND NÆRINGSLAG

Bygland Næringslag (1).png

Våre aktivitetar

Det er kjekt å treffe kvarandre heilt på ekte. Vi arrangerer medlemsmøta mellom fire og seks gongar årleg. Her kan du bli kjent med andre næringsdrivande i Bygland, dele erfaringar, teste ut idear og tenke høgt saman med andre. Over ein kaffikopp og noko å bite i, sjølvsagt. Det skal vere både sosialt, hyggeleg og fagleg.

Medlemsmøter

Verda endrar seg fort, og vi må henge på og stadig få påfyll av ny kompetanse. Her har Bygland næringslag planer om å tilby kurs vi ser det er behov for, samt hente inn faglege ekspertar som deler kunnskap og erfaringar.

Kompetanseheving

Bygland ligg i hjartet av Setesdal, og det er naturleg for oss å sjå både innanfor og utanfor kommunegrensene når det kjem til samarbeid. I samspel med andre kan idear blomstre og få stor kraft! Vi samarbeider til dømes med Bygland kommune, Næringsalliansen i Agder og Næringsforeningene i Norge.

Samarbeid med andre

Vi vil sette fokus på det medlemmane våre treng mest, og temakvelder er godt eigna for det. Fagfolk, eksperter og lokale krefter kan dele kunnskap og vise fram løysingar som verkar. Og som er til å bli begeistra av!

Temakveldar

Vi skal vere der det skjer og vi skal få ting til å skje! Det er mange møteplassar der vi kan treffe andre, synleggjere medlemmane våre og knyte nye band. Andre gongar er det interne arrangement som gjeld – begge delar er viktige for å få næringslaget sine medlemsbedrifter opp og fram. Her kan du sjå hva som skjer. 

Arrangement

Det er ikkje berre ferske bedriftseigarar som skal navigere i jungelen av informasjon, støtteordningar, søknader, planverk og organisasjonar. Det gjeld dei fleste av oss, difor har vi ressursar lett tilgjengeleg for medlemmane våre. Finn du ikkje svaret på det du lurer på der, så kom gjerne med tilbakemelding. Her finn du ressursbanken vår.

Ressursar

Vil du bli medlem eller har du spørsmål til næringslaget?

Ta kontakt! 

48210ec5-81c3-4f4b-9afb-b8b8422c505c.png
bottom of page