top of page
Design uten navn.png

BYGLAND NÆRINGSLAG

1ca64efd-9f3c-4c49-b7a5-e89e619dfc5d.png

Resurssar for næringsdrivande i Bygland

Skal du starte, utvikle eller drive næring i Bygland? I kommunen finst det både kraft, kunnskap og samarbeid. Her finn du ressursar som kan hjelpe deg som bedriftseigar, gründer eller samarbeidspartnar.

Støtteordningar og finansiering

innovasjonnorge_logo_transparent.png

Tilskot og lån til gründerar, reiseliv, landbruk og grøn omstilling. Her finn du ei oversikt over ulike tilskot til bedrifter som skal starte opp, vekse, bli internasjonale eller fornye seg. Stikkordet er sjølvsagt innovasjon.

Innovasjon Norge

Agder_transparent.png

Agder fylkeskommune kan gje støtte til regional utvikling og næringsprosjekt. Ei god oversikt over moglegheitene finn du her.

Agder fylkeskommune

bygland_komm.png

Bygland kommune er opptekne av eit levande næringsliv, og har eit eige næringsutviklingsfond som blir brukt til å fremje økonomisk utvikling i kommunen. Her finn du meir informasjon. Kommunen har også status som omstillingskommune, og prosjektet Bygg Bygland skal styrke næringsgrunnlaget i kommunen. Her kan du også søke støtte. 

Bygland kommune

DRIV+logo+med+payoff.webp

Driv Agder tilbyr rettleiing for deg som vurderer eller allereie har etablert eiga verksemd i Agder, her finn du dei.

Driv Agder

Setesdal marion.png

Setesdal regionsråd har eit regionalt næringsfond, her finn du informasjon og link til søknadsportalen deira. 

Setesdal IPR

Forskningsradet_transparent (1).png

SkatteFUNN (Skattefrådrag for forsking og utvikling i eit nyskapande næringsliv) er ei rettigheitsbasert skattefrådragsordning for norske verksemder. Du kan søkje om skattefrådrag for 19 prosent av kostnadane til eit forskings- og utviklingsprosjekt. Ordninga vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten.

Forskningsrådet

Verktøy for etablering

Altinn – Starte og drive

Steg-for-steg for planlegging, drift og plikter.

Samordna registermelding (Brreg)

Registrer nytt føretak, endre eller slett.

Skatteetaten – MVA

Sjekk om du må registrere MOMS, og lever mva-melding.

Arbeidstilsynet – HMS/Internkontroll

Krav og malar for systematisk HMS-arbeid.

Datatilsynet – Personvern

Sjekklister og malar for internkontroll/DPIA.

Navnesøk

Sjekk om namn er ledig som domene, foretaksnamn og varemerke.

Patentstyret – Varemerke

Trygg logo/slagord – slik søkjer du vern.

Norid – .no-domene

Finn og bestill riktig .no-domene.

Doffin – Offentlege anbod

Finn utlyste anbod og konkurransar.

SSB – Kommunefakta Bygland

Nøkkeltal for marknad/planlegging.

Mattilsynet – Ny matbedrift

Reglar og registrering for matservering/produksjon.

Miljøfyrtårn

Praktisk løp for miljøsertifisering.

FAQ

  • Bestill time hjå DRIV – Etablerarsenteret i Agder (gratis førstelinje). Dei held kurs og gir praktisk rettleiing for etablerarar i Agder.

  • Ja. Regionalt næringsfond for Setesdal (Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes) kan bidra i etablering og vidareutvikling av verksemd. Søknad går via Regionalforvaltning.

  • Kommunen har eiga infoside for næring med kontaktpunkt (telefon, e-post og adresse). Start der for spørsmål om lokale ordningar og tilrettelegging.

  • Agder fylkeskommune lyser ut midlar til regionale næringsutviklingsprosjekt. Følg utlysingssider/Regionalforvaltning for fristar og kriterium.

  • Innovasjon Noreg Agder (kontor i Grimstad) tilbyr rådgiving, kurs og finansieringsordningar.

  • Bruk SSB Kommunefakta – Bygland for nøkkeltal om folketal, næringsliv, arbeidsmarked m.m.

  • NAV arbeidsgivar har eige kontaktnummer og veiledning for arbeidsgivarar (kvardagar 09–15).

  • Setesdal regionråd samlar lenker til næringsareal og kontaktpersonar for næringsutvikling i regionen.

bottom of page