-Breidde i næringslaget er ein viktig nøkkel
- Oct 13
- 2 min read

BYGLANDSFJORD: For dagleg leiar ved Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo, er breidde og samarbeid stikkord for eit sterkt næringsliv i Bygland og Setesdal. Næringslaget skal være en arena og pådrivar for samarbeid, kommunikasjon og kunnskapsutveksling, meinar sjefen på sagbruket og styremedlem i næringslaget.
–For Bygland Næringslag bør det vere både å styrkje eksisterande næringsliv og å støtte gründarar som treng hjelp til å kome i gang, seier han. Og han håpar å sjå endå større variasjon i bedriftsskogen i regionen.
–I Bygland og Setesdal er reiselivet sterkt, og difor er det ekstra viktig at også annan næring er representert i næringslaget. Byglandsfjord Sag er ei av dei større verksemdene i kommunen, og eg meiner det er naturleg å bidra i dette arbeidet, seier Per Arne.

Med bakgrunn som maskiningeniør, sivilingeniør innan prosessteknikk og bedriftsøkonom, har han lang erfaring frå teknisk vedlikehald, utvikling og leiing – mellom anna frå Norske Skog, Huntonit og Nikkelverket.
Han peikar på at dalen har store fortrinn i natur og ressursar.
–Bygland og Setesdal har mykje naturressursar og råvarer som kan vidareforedlast lokalt, i staden for å bli sende ut av dalen. I tillegg har vi eit stort potensial innan reiseliv og opplevingar, både nasjonalt og internasjonalt.
Per Arne håpar òg at næringslaget på sikt kan få ein tilsett som kan drive arbeidet vidare.
–I dag er alt basert på dugnad, men potensialet er stort. Kommunen ønskjer å vere næringsaktiv - det skal vi bidra til. Eit godt kontaktnett mellom bedriftene, og eit tett samarbeid med kommunen, er avgjerande, avsluttar han.

FAKTA OM BYGLANDSFJORD SAG
Sagbruket starta opp i 1986, og har no 26 tilsette
Byglandsfjord sag driv både med sagbruk, høvling og impregnering av tre, samt produksjon av trelastmateriale som bord, plank, kledning med meir. Både kvit (uforbehandla) og trykkimpregnert trelast.
Dei fleste kundane er byggeforretningar, og sagbruket leverer til Sørlandet og Vestlandet.
Leiinga ved sagbruket har fokus på å drive på ein mest mogleg miljøvenleg måte.




Comments