top of page
Design uten navn.png

Setesdal Næringsforening

Informasjon frå Setesdal Næringsforening

Nov 16
2 min read

Oppgåver og mandat for Setesdal Næringsforening.

Bakgrunn

Årsmøtet i Bygland Næringslag (BN), stifta 9. juni 2022, vedtok i april 2026 å endre namn til Setesdal Næringsforening. Bakgrunnen var dei erfaringane som er gjort i dei tre første driftsåra, med aktivt arbeid for medlemane i laget.

Bygland Næringslag var den fyrste foreninga som samla bedrifter frå alle delar av næringslivet i Bygland. Alle dei større bedriftene i kommunen vart med. Det vart laga ei kartlegging over situasjonen for næringslivet, og forventningane til kva laget skulle gjere.

Ut frå dette vart det arrangert medlemsmøter, besøk hjå bedriftene og aktuelle temamøter. Det vart fremma partshjelp i konkrete enkeltsaker for medlemsbedriftene, både overfor myndigheitene og elles.

Det vart etablert faste dialogmøter med kommunen, og BN vart medlem av Næringsalliansen i Agder. Ved mange høve var BN representert på møter og konferanser der ein drøfta næringslivsspørsmål i Setesdal.

Det synte seg at dei aktuelle næringspolitiske spørsmål som er oppe til behandling for næringslivet i Bygland i stor grad er samanfallande med spørsmål som er viktige og alminnelege for næringslivet i heile Setesdals-regionen. Dette var særleg tydeleg i samarbeidet i Næringsalliansen i Agder.

Årsmøtet i B.N. meinte difor det er teneleg å vere ei utvida forening, som er aktivt «på banen» i alle spørsmål som er til fordel og nytte for medlems-bedriftene - og ikkje at dette berre skal vere avgrensa til Bygland som geografisk område.

Dette var bakgrunnen for årsmøtet sitt vedtak om å endre namnet til Setesdal Næringsforening.

Arbeidsoppgåver

Setesdal Næringsforening vil vere ein interessorganisasjon for private verksemder, og som kan ta stilling til saker og spørsmål som er av interesse for næringslivet i heile regionen.

Dette arbeidet vil bli styrka gjennom samarbeidet med Næringsalliansen i Agder, og det høver med medlemsvilkåra om privat eigarskap. Det er også eit poeng i denne samanhengen at Setesdal Intekommunale Politiske Råd (“Regionrådet”) av denne grunn har trekt seg ut av dette forumet.

Namneendringa vil ikkje innebere at foreninga vil påberope seg å represen-tere Setesdal «eksternt», men vil vere open for medlemskap for bedrifter frå heile regionen som er interessert i å vere med i eit breidare fellesskap av private selskap der ein kan tale næringslivet og medlemsbedriftene si sak.

Setesdal Næringsforening vil slik sett arbeide både for dei enkelte medlems-bedriftene sine individuelle saker og interesser, og for heilskapen til ramme-vilkåra for det samla næringslivet i dalen.

Setesdal Næringsforening vil også søke eit aktiv samarbeid med «Sentrumsforeningar» og andre desentraliserte samanslutningar innanfor næringslivet i regionen, og støtte det arbeidet som desse gjer med deira aktivitetar og tiltak for å betre tilhøva for næringslivet i Setesdal.

Med næringsretta helsing frå styret i Setesdal Næringsforening

Rune Steen Moen, styreleiar, rsm@people.no, telefon 970 50 220

Beate Simonstad, nestleiar, beate@simonstad.no

Per Arne Teslo, sekretær, per.arne@bsag.no

Torbjørn Frøysnes, styremedlem, torbjorn.froysnes@outlook.no

Kjell Rune Heia, styremedlem kjell.heia@containertech.no

Olav Skeie, varamedlem olav.skeie@smakraftverk.com

 
 
 

Comments


bottom of page