top of page
Design uten navn.png

BYGLAND NÆRINGSLAG

TINE Meieriet Setesdal – kvalitet og lokalsamfunn i fokus

  • Writer: Marion Solheim
    Marion Solheim
  • Oct 21
  • 2 min read
Herlege smakar i emning! Foto: Jostein Nordli
Herlege smakar i emning! Foto: Jostein Nordli

-Vi må vere frampå og synlege, seier meierileiar Jostein Nordli. Tine er ein viktig aktør i Bygland og Setesdal - både som arbeidsplass og som ein del av den næringsmessige ryggraden i regionen. Sjølv om meieribygget er av dei minste i landet, så leverer dei for fullt, gjengen som jobbar der.

 

Dei 10 tilsette ved meieriet handsamar kring 1,3 millionar liter mjølk som blir til herlege nisjeprodukt som Setesdalssmør, Kviteseidsmør, kryddersmør, rømmegraut og mykje meir. Til glede for forbrukarar som vil ha norsk kvalitet.

 

Meieriet vart etablert i 1953 og har stått støtt på Byglandsfjord i alle år. Arbeidsplassen er kjent for sitt låge sjukefråver, fokuset på å bruke lokale råvarer og drive så berekraftig som mogleg.


Eit velkjent syn for byglendingane. Foto: Jan-Tore Egge, CC BY-SA 4.0 , via Wikimedia Commons
Eit velkjent syn for byglendingane. Foto: Jan-Tore Egge, CC BY-SA 4.0 , via Wikimedia Commons

 -Anlegget er styrt sentralt for kva produkt vi skal produsere. Samtidig er anlegget frampå, og kjem stadig med innspel til kva som kan vere fornuftig for TINE å bruke anlegget til, fortel Jostein.

 

-I høve til berekraft ligg det ein kultur i botnen blant alle dei som jobbar her. Alle ressursar skal nyttast, samtidig som vi er gode på å ta vare på utstyret. Her går vi heller for gjenbruk enn å kjøpe nytt, fortel meierileiaren.

 

Stoltheit og synlegheit

 

Som ein av dei største næringsaktørane i Bygland, så er det gjevande å levere kvalitet. Meieriet er viktig for bygda, noko Jostein er både klar over og glad for.

 

-Vi er veldig synlege her på Byglandsfjord, seier han.

 

Jostein Nordli. Foto: privat
Jostein Nordli. Foto: privat

-Det gjev liv til lokalsamfunnet at det er drift og aktivitet i lokala her. Vi er til dømes nøye med å bruke lokale handverkarar og tenester når det er behov for det. Så er vi også ein del av ein samvirkeorganisasjon, der vår oppgåve er å bringe verdiar tilbake til bonden. Dei fins det ein del av her i nærmiljøet, og det bidreg også til at arbeid vi gjer kjennest meiningsfullt, forklarar Jostein.  

 

-Vi er jo stolte av å lage produkt med god kvalitet som folk vil ha; det er inspirerande. Og så er eg stolt av dei som jobbar her. Dei er opptekne av arbeidsplassen sin og gjer det lille ekstra, smilar han.


Når det gjeld framtida for næringslivet i Bygland, så meiner Jostein at ein slett ikkje skal ta ting for gjeve.

 

-Bedriftene her må vere frampå og synlege, for å vise alt det gode arbeidet som gjerast og verdiane som skapast, seier han.

 

-Alle kan ikkje gjere det arbeidet aleine. Å ha nokon i ryggen er difor særs viktig, avsluttar meierileiaren.  


Slikt skal godt smør sjå ut! Foto: Jostein Nordli
Slikt skal godt smør sjå ut! Foto: Jostein Nordli

 Kjelder:


 
 
 

Comments


bottom of page