top of page
Design uten navn.png

BYGLAND NÆRINGSLAG

Bygland Bryggeri - ølbrygging med røter

  • Oct 2
  • 2 min read

Updated: Oct 13

Bygland Bryggeri i grafisk drakt. Foto: Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri i grafisk drakt. Foto: Bygland Bryggeri

AUSTAD: Eit bryggeri i Setesdal tek store steg framover – og hemmelegheita ligg i å løfte fram nesten gløymde norske tradisjonar. Bryggmeister Torkjel Austad fann krafta i kveik – den heilt unike norske gjærstamma med eldgamle røter. I dag bryggjer Bygland Bryggeri eit stort spenn av øltypar, alle med Setesdal si rike kulturarv som raud tråd.


Internasjonal – men rotfesta lokalt


Torkjel har reist verda rundt, budd fleire år i Japan og besøkt over 70 land. Men røtene i Setesdal har alltid vore sterke. Når han bryggjer øl, brukar han lokale namn, uttrykk og historier frå dalen.


–Eg har alltid vore nysgjerrig på lokale øltradisjonar når eg har vore ute og reist, fortel Torkjel.


–Då eg kom heim, skjønte eg at det vi kallar «norsk øl» eigentleg var bygd på utanlandske oppskrifter. Kvar vart det av det ekte norske ølet?


Det spørsmålet vart starten på ei reise tilbake i bryggetradisjonane.


Lusekupta må med når bryggeriet skal lage etikettar med Setesdal-snert! Foto: Bygland Bryggeri
Lusekupta må med når bryggeriet skal lage etikettar med Setesdal-snert! Foto: Bygland Bryggeri

Supergjæret kveik tilbake til Bygland


På denne reisa oppdaga Torkjel kveik. Denne gjærtypen hadde tradisjonelt vorte teke vare på av bønder og bygdefolk, heilt til han nesten forsvann. Kveik gjer ølet ferdig på rekordtid og har særprega eigenskapar frå dei ulike landsdelane der han har vorte brukt.


-No er kveiken tilbake i Bygland, noko vi er særs glade for, seier Torkjel. Det gjekk utallege timar med til research, reising og tilbakeføring av kveik i dalen.


Bygland Bryggeri brukar òg lokale råvarer som einer og urter. Spesielt einer har blitt ein signatur i fleire av øla deira.


Brygging gjennom tusenår


-Ølbrygging har vore ein del av kulturen i Noreg i hundrevis av år, fortel Torkjel.


-Gulatinglova på 1000-talet påbaud til og med bønder å bryggje sitt eige juleøl! I Setesdal finst det framleis gamle bryggekar og ølbolkar som vitnar om denne rike historia. På garden der mor mi vaks opp i Austad står det tre gamle bryggekjelar, den eldste frå 1851. Og vi har ølbolkar heilt tilbake frå 1700-talet, seier hanl.


Dette er òg grunnen til at logoen til bryggeriet har ei tradisjonell ølbolle som symbol. Slagordet «Innovasjon med tradisjon» treff kjerna av det Bygland Bryggeri står for.


Frå skjoldmøyer til sake


Her skal det bli sake(r)! Foto: privat
Her skal det bli sake(r)! Foto: privat

Mange av øla har namn som fortel ei lokal soge. Eit døme er «Skjoldmøyslaget», som spelar på historia om skjoldmøyene som spelte så vakkert ved Reiårsfossen at heile kyrkjelyden forlét gudstenesta. Det enda ikkje så bra; skjoldmøyene vart forbanna og enda opp som steinstatuar. Ei av mange rikhaldige historier frå Setesdal, og til god inspirasjon for bryggerimeisteren og gjengen hans.


Men bryggeriet stansar ikkje der. No satsar Torkjel også på sake, den velkjende japanske risdrikken. Bygland Bryggeri blir dei første i Skandinavia til å produsere dette.


Forankra i bygda – med blikket framover


Kvifor byggje opp både bryggeri og sakeproduksjon nettopp i Bygland? For Torkjel er svaret enkelt.


–Tradisjon er viktig, men endå viktigare er det å skape noko meiningsfylt der røtene mine er – og bidra til nye arbeidsplassar og aktivitet i regionen, avsluttar han.


Med andre ord, næring, tradisjon og eit engasjement for lokalsamfunnet - hand i hand.


Foto: Bygland Bryggeri
Foto: Bygland Bryggeri





 
 
 

Comments


Commenting on this post isn't available anymore. Contact the site owner for more info.
bottom of page