Fem kjappe med styreleiaren
- Sep 18, 2025
- 2 min read
Updated: May 18
Rune Steen Moen er ein av dei som verkar å ha fleire timar i døgnet enn andre. Eller kanskje er han berre ekstremt effektiv og trivst med mange ballar i lufta. Det kjem godt med når ein på toppen av alt er styreleiar av Setesdal Næringsforening. Her er fem kjappe med den engasjerte karen:
Kvifor er Setesdal Næringsforening viktig, tenker du?
Setesdal Næringsforening er viktig fordi det gir ei samla stemme for næringslivet i Setesdal. Når vi står saman, kan vi påverke rammevilkår, løfte fram lokale initiativ og sikre at Setesdal blir sett og prioritert i både kommunen og regionen. Det skaper ein møteplass for samarbeid, utvikling og nettverk – noko som gjer det enklare for både etablerte og nye bedrifter å vekse.
Kva gjorde at du ville ha vervet som leiar i næringslaget?
Eg ønskte å ta på meg vervet fordi eg brenn for å utvikle i regionen, og fordi eg trur næringslivet er ein nøkkel til å sikre både arbeidsplassar og busetnad. Å kunne bidra til å samle kreftene og vere ein pådrivar for nye prosjekt, gjer at eg ser på dette som ei meiningsfull oppgåve.
Kva er din næringsbakgrunn?
Har erfaring som leiar frå ulike verksemder, HR/Rekruttering, prosjektutvikling, entreprenørskap, Hotell/Restaurant, Eiendomsutvikling og har erfaring med både etablering og drift av selskaper, samt samarbeid med offentlege aktørar og næringslivet regionalt. Dette har gitt meg eit godt innblikk i kva som skal til for å lukkast, og korleis ein kan skape verdiar saman.
Kva har Setesdal som fortrinn i næringssamanheng, tenker du?
Setesdal har sterke fortrinn gjennom natur, kultur og historie – noko som gir store moglegheiter innan reiseliv, opplevingar og kulturarv. Samstundes har vi eit sterkt lokalsamfunn, god tilgang til kraft og areal, og nærleik til større byar som Kristiansand. Kombinasjonen av livskvalitet, natur og nærleik til marknader gjer Setesdal til ein attraktiv stad å drive næring frå.
Kva er måla dine på vegne av Setesdal Næringsforening ?
Måla mine er å bidra til fleire etableringar og arbeidsplassar i regioen, å vere ein synleg og aktiv samarbeidspartnar for kommunen og regionen, og å løfte fram lokale initiativ som kan skape utvikling. Eg ønskjer at Setesdal Næringsforening skal vere eit verktøy for både små og store bedrifter, og at vi saman kan bygge stoltheit og vekst i bygda vår.




Comments