

Ringar i vatnet – vekst i fellesskap
Kort om oss
Setesdal Næringsforening er ein interesseorganisasjon som jobbar for private næringsdrivande i Setesdal. Vi er aktive i Næringsalliansen i Agder og legg stor vekt på godt samarbeid på tvers. Saman får vi ting til å skje!

Dette jobbar vi for
vekst i det lokale næringslivet, etablering av nye arbeidsplassar
vi skal vere talerøyret for næringslivet i Setedal
etablering av både faglege og sosiale arenaer, skape aktivitet i kommunene
ha tett kontakt med andre næringslag
vere høyringspart ovanfor offentleg forvalting

Våre aktivitetar
Setesdal Næringsforening er ein møteplass for samarbeid, utvikling og vekst – til det beste for næringslivet, bygdene våre og heile Setesdal. Dette er noko av det vi tilbyr medlemmane våre:
Medlemsmøter
Vi deler erfaringar, bygger nettverk og tenker høgt saman for å finne gode løysingar. Medlemsmøtene blir arrangerte mellom fire og seks gongar årleg.
Temakveldar
Enkelte tema treff både både gründerar og etablerte bedrifter. Vi samlast og får ny inspirasjon av ekspertane.
Kompetanseheving
Vi tilbyr kurs og fagleg påfyll for å hjelpe medlemmane våre med å utvikle seg og vekse.
Arrangement
Vi deltek i aktivitetar som skapar liv, handel og ikkje minst stoltheit i Bygland og Setesdal.
Samarbeid med andre
Vi knyter band til næringsliv, kommune og organisasjonar for å skape ringverknader. Vi er til dømes aktive i Næringsaliansen og Næringsforeningene i Norge.
Ressursar
Medlemmane våre får tilgang til nettverk, rådgjeving og verkty som gjer kvardagen enklare.
Møt medlemsbedriftene våre – folk, fag og framtid.
Nyhende om Våre bedrifter
Les meir
Satsingar, suksesshistorier og politikk – på ein stad.
andre NYHENDE
Sjå nyheNDE
Kurs, møteplassar og konferansar – sjå kva som skjer.
Arrangement
Sjå arrangement
Aktuelt
21. okt. 2025
TINE Meieriet Setesdal – kvalitet og lokalsamfunn i fokus
-Vi må vere frampå og synlege, seier meierileiar Jostein Nordli. Tine er ein viktig aktør i Bygland og Setesdal - både som arbeidsplass og som ein del av den næringsmessige ryggraden i regionen. Sjølv om meieribygget er av dei minste i landet, så leverer gjengen som jobbar dei for fullt.

13. okt. 2025
-Breidde i næringslaget er ein viktig nøkkel
BYGLANDSFJORD: For dagleg leiar ved Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo, er breidde og samarbeid stikkord for eit sterkt næringsliv i Bygland og Setesdal. Næringslaget skal være en arena og pådrivar for samarbeid, kommunikasjon og kunnskapsutveksling, meinar sjefen på sagbruket og styremedlem i næringslaget.
























